Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nyvegen blir opna på nyåret

Jon Olav Ørsal Torsdag 21. desember 2017

Det vart for tøft å få opna nyvegen forbi Kufalla til jul. Dei starta på denne veka med det som mål, men det er så store mengder med masse som må ut at nyvegen blir opna først på nyåret. No tek gjengen på vatn Maskinstasjon ein velfortent juleferie, startar på igjen så snart det blir nytt år.

Det står enno att ein del arbeid før ein kan opne nyvegen først på nyåret. Foto: Jon Olav Ørsal

Det har vore stor aktivitet i Falla denne veka, med fleire gravemaskiner og 4-5 lastebilar som har køyrt på spreng.  Det er frakta ut rundt 2000 m3 frå vegtraseen og av dette rundt 1500 m3 til Nordvik.  Truleg er det omtrent like mykje att, som må takast på nyåret. 

Som vi har omtalt tidlegare vart dette prosjektet mykje meir omfattande enn det som først var planlagt.  Gammelvegen rasa nemleg ut, og det første til at vegen måtte skytast lengre inn i fjellet, samtidig som det var mykje meir lausmasse i området enn ein var klar over.  

Sluttresultatet blir imidlertid bedre med den løysinga som blir no, seier Gudmund Ole Vatn, som beklagar at folk blir nødt til å bruke omkøyringsvegen litt lenger enn først planlagt.  Han nyttar også høvet til ei julehelsing til alle som blir berørt av anleggsarbeidet i Falla. 

Oppå Kufalla er det fylt ut og laga ein skikkeleg parkeringsplass eller lunningsplass. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 21. desember 2017, 14:00