Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nytt interessant tema hos senioruniversitet

Elinor Bolme Torsdag 17. november 2016

«Strikking» er tema for møtet i Indre Nordmøre Senioruniversitet onsdag 23.november på kulturhuset i Surnadal. Møtet er som vanleg ope for alle, og styret ser gjerne at folk stiller i lusekofta eller strikkatrøya!

Marit L.Moen, med allsidig formingslærarbakgrunn m.a. frå lærarutdanninga i Trondheim, skal fortelje og vise bilde om strikking som kultur. Og i tillegg vil det bli presentert lokale trøyer og kofter.

Strikking har vore og er ein svært viktig del av husflidkulturen i distriktet vårt. Det kan vi i desse dagar mellom anna sjå på dei lokale julemessene.

Kaffe og kake blir servert.
Billettpris: kr 150,-

senior universitetet

Først publisert: 17. november 2016, 06:16 - Sist oppdatert: 16. november 2016, 21:36