Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nytt av året: KUBINGO

Elinor Bolme Torsdag 30. juni 2016

Aldri ein Todalsdag utan at arrangørane kjem på nye sprell. Denne gongen med eit grønt rutenett, to kyr og jubel om kua skit i rett rute. Også kalla kubingo. Høyrest kanskje litt i overkant ut, men det heile er veldig enkelt. Kvart av laga som er påmeldt i knøtt- og minicupen får tildelt kvar si merka rute i ei innhegning ved klubbhuset på Bordholmen. Klokka 11 blir to kyr sleppt inn på «banen» og dei tre første rutene som blir bæsja på vil gå av med enkle lagspremiar.

Dette er heilt gratis for laga, og meint som rein underhaldning frå klokka 11 og til dei to kyrne har «gjort frå seg»…

Først publisert: 30. juni 2016, 20:00 - Sist oppdatert: 27. juni 2016, 19:03