Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Er du nyinnflytta til kommunen – bli betre kjent aktivitetane

Jon Olav Ørsal Tysdag 10. februar 2015

Er du nyinnflytta til Surnadal kommune, så er det kanskje lurt å bli med på treff for nyinnflytta på Surnadal folkebibliotek på kulturhuset. Det skjer torsdag 12. februar, og da vil Øystein Hjelle Bondhus fortelje om kva aktivitetar Surnadal Idrettslag og andre idrettslag i kommunen driv med.

foto surnadal il

Fotball både for store og små. Foto: Surnadal I.L.

Det er ikkje alltid like greitt å flytte til ein ny plass. Mangel – eller overflod – av informasjon gjer det vanskeleg å orientere seg om kva som finst av ulike tilbod. Surnadal Folkebibliotek vil difor, i samarbeid med folkeakademiet, invitere til korte, uformelle treff for innflyttarar eller andre som lurar på noko spesielt om kommunen dei bur i.

Møtestaden er biblioteket sine lokale i kulturhuset. Det blir også tid til ein liten quiz og ei muleg musikalsk overrasking, melder Surnadal folkebibliotek.

bli kjent fb

Publisert: 10. februar 2015, 22:56