Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Nyfødde kvennsetgardingar

Nyfødde kvennsetgardingar

Jon Olav Ørsal Torsdag 11. april 2013

Sauelamminga er ofte kalla for vårens vakraste eventyr, og det er jammen ikkje langt unna sanninga. Den startar ofte i overgangen mellom vinter og vår, og hos Gudmund Kvendset i Viastua kom dei første lamma i går, da eit trilingpar såg dagens lys. Torsdag kom neste lamming, og jammen vart det trilingar igjen.  dei var berre 3 timar gamle da dei hamna på framsida på Todalen.no, og vart altså kjendisar med eing gong.

Gudmun har 26 http://www.phpaide.com/forum.php?langue=fr lamsauer i år. Det er litt mindre enn vanleg, og årsaka til det er store rovdyrtap i fjor.  Ein tredjedel av lamflokken kom bort på beite i Kvennsetdalen og Laufvåfjellet, og Gudmund trur at både jerven og gaupa har forsynt seg frå saueflokkens hans. Det verste er at det er dei største og flottaste dyra som blir offer for rovdyra. 64 lam sendte han på utmarksbeite i fjor, og 21 av d3ei kom aldri att. Det er trist at det skal vera slik, seier han, og er nok spent på korleis årets sesong blir?

Men før den tid skal i allfall 26 sauer sette til verda i overkant av 60 lam, og det blir nok eit yrande liv i fjøset i Viastua etter kvart. Det tegnat til å bli ein sein vår, og det vil nok bli juni månad før dei kan sleppast til på fjellbeita.

Først publisert: 11. april 2013, 22:08 - Sist oppdatert: 4. august 2013, 18:27