Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Nye trimbøker på plass!

Nye trimbøker på plass!

Jon Olav Ørsal Måndag 11. oktober 2010

No er det kome på plass nye trimbøker på alle postane til Trimgruppa i T.I.L. Dei gamle bøkene er tekne inn for oppteljing av resultatet, og det vil nok etter kvart bli premiering av dei som har flest besøk, eller som blir trekte ut som vinnarar. Dei nye trimbøkene blir no liggjande i trimkassane heilt fram til hausten 2011. Du har altså høve til å registrere trimturar eit heilt år, når det passar deg sjølv.

Trimpostane er som før, og du kan finne trimbøker på følgjande plassar i Todalen: Gammelsetra (Kvennset), Haukarsteinen (Halla), Naustådalssetra (Kårvatn), Talgøsetra, Storhaugen (Bruset), Tårnet, Fauskhjellen, Ansnessetra og Løfta.

På alle trimpostane tilsaman har det gjennom året vore 3420 registreringar. Det er er jammen bra, og det utgjer i gjennomsnitt 10 turar pr fastboande todaling. I tillegg er det nok mange trimmarar som tek seg ein trimtur utan å skrive noko namn i trimbøkene og mange som tek trimtur til andre plassar. Trimgruppa kjem att med meir detaljar og premiering seinare.

Trimgruppa håpar på enda betre deltaking i trimmen i året som kjem, både på fleire trimmarar og fleire trimturar pr deltakar. Så her er det berre å få på treningsdrakta og sette i gang på ny sesong!

Først publisert: 11. oktober 2010, 21:13 - Sist oppdatert: 12. oktober 2010, 18:38