Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nye skribentar på Todalen.no

Elinor Bolme Onsdag 17. juni 2020

Styret i Todalen.no etterlyste på etterjulsvinteren fleire bidragsytarar til å oppretthalde Todalen.no som nyhetskanal for lesarane sine. I kveld inviterte dei derfor til rekrutteringsmøte del 2 som ga full utteljing med heile tre nye navn på blokka; Guro Redalen, Bjørn Gunnar Ansnes og Stig Husby. Og med nymotens teknologi, vart møtet gjort med Guro på Teams, frå det som vart det nye distriktskontoret på Sagene i Oslo.

Bjørn Gunnar Ansnes og Stig Husby inntek rollene som utegåande reporterar. Dei ser ikkje mørkt på å kunne bidra med både daglegdags- og nytenkande stoff. I dei snart 11 åra Todalen.no har vore på lufta har det ikke eksistert vaktlister. -Alle redaktørene har hatt ulike interessefelt og deltek på ulike ting. Difor har kabalen alltid gått opp, fortel Jon Olav Ørsal som er ein av dei som enno heng med fra starten. Og med nytt mannskap på plass ser det ut til at vi kan fortsette med det, meiner han og resten av staben.

Guro som bur i Oslo blir naturleg nok ikke den som blir utsendt på oppdrag for å dekkje hverken skileik på Tjønnmyra eller sanitetsbasar, men ho kan avlaste på mange andre vis. Ho vil ta hand om den daglege handteringa av redaksjonsmailen, bistå på oppdateringar på Facebook og ellers lage ein og annan artikkelen som heilt sikkert blir relevant for oss lesarane. -Dette blir bra, eg gler meg til å kunne bidra. Eg var også med i den spede oppstart, fortel ho via storskjermen.

Dordi Jorunn vart ein habil utegåane reporter for Todalen.no i 2015 etter at ho vart pensjonist fra skolevesenet. Ho er som de ser oppdatert på teknologi på alle plan, og er åpen for å lære nye tips og triks for å bli enda meir effektiv når ho produserer saker.

Den nye delen av redaksjonen gler seg på nye utfordringar, og dei erfarne med Jon Olav, Dordi Jorunn og Mari Brusethaug Redalen (som tek hand om dagens bilete) ser fram til nye krefter som kan bistå med nytt stoff og nye idear. Underteikna gir seg frå 1. juli og kjem sikkert til å angre og få alt for mange ledige kveldstimar. 

Ønsker du å sende stoff til publisering eller har fine motiv til dagens bilete send ein mail til red@todalen.no med tekst og bilde. Redaksjonen sett stor pris på bidrag fra våre medlemsbedrifter, lag og organisasjoner. 

 

Publisert: 17. juni 2020, 22:08