Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nye grunnmurar i ein fei…

Jon Olav Ørsal Fredag 26. august 2016

Det siste året har det vore stor byggeaktivitet – bustadhus og landbruksbygg har nærast «poppa opp». I dag har det vore stor aktivitet med mørtelbil hos naboen i Jostua på Husby. Her pågår det både renoveringsarbeid og tilbygg, og i løpet av nokre timar i føremiddag er grunnmurane til tilbygget støypt.

Ola Svinsås fra Vibo styrte betongbilen og Alexander Naustbakk og Kjetil Fugelsøy kontrollerte resultatet. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er Byggfirma Olav Haugen som har jobben, og i løpet av eit par dagar denne veka har dei sett opp forskalingsblokk til grunnmurane. I dag kom altså mørtelbilen og fylte forskalingsblokka med sement og dermed er grunnmurane ferdig til bruk – og ferdig isolert. Betongbilen fra Vibo pumpa betongen høyt til værs, og over til forskalingane til tilbygget – som vart fylt opp frå den eine enden til den andre uten ein einaste skjøt.

DSC_4067

Jon Bjarne Husby er kårkall og var imponert over kor lettvint betongarbeidet er «no fær tia». Her saman med Kjetil Fugelsøy som er leiar for prosjektet. Foto: Jon Olav Ørsal

DSC_4040

Alexander naustbakk og Kjetil Fugelsøy har jobba eit par dagar med å få på plass forskalingsblokkene i isopor. her blir det lagt inn jarn og fylt opp med betong – og vips så har du ferdige murar. Foto: Jon Olav Ørsal

DSC_4068

Betongbilen frå Vibo leverte ferdig betong som vart pumpa direkte oppi forskalingsblokka. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 26. august 2016, 13:21