Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny påskekrim er klar!

Elinor Bolme Måndag 8. april 2019

Påska er like om hjørnet, og nok ein gong er vi så heldige å ha fått ein ny spesialtilpassa påskekrim frå Guro Redalen. Ho fortel at ho av og til blir så inspirert av alt det spanande som skjer her i Todalen, at det berre måtte bli ein ny krim i år også. Som forøvrig er den fjerde påskekrimmen ho har skreve for oss så langt.

Vi freistar derfor med eit lite innblikk i årets krim som har fått navnet  «Pilk panter – eller då orgelet peip på Halle», kor vi finn både handelsmannen, overredaktøren, fjesbokvarslaren og eit par nye karakterar:

På Halsbua var det eit søg av heimkomne søner og døtrer iblanda fastbuande og anna folk med handlelapp. Men i år var det kome til ein ny lyd i det vante lydbilde. Lyden av panteautomaten! For ved sidan av olje i alle taktar, piggdekk på boks og klisterfjernar sto det no eit under som gjorde tomgods om til pengar. Det var like magisk kvar gong å sjå på flaskene som forsvann inn i maskina for så å bli registrert til ein lapp som kunne bli både kokt skinke, rundstykker, handsåpe, snus, bomullspinner, mjølk og eingongs tørkeserviettar. I alle fall hadde det sett slik ut då frk Bladfyk hadde lese den fyldige reportasjen Overredaktør Ørsal hadde laga av hendinga tidlegare i vinter. No sto ho i køa for å teste. For ein ting var å lese om det på favorittnettstaden, noko anna var det å oppleva det heile tett på…

Heile første del blir å lese onsdag 17. april, og held fram kvar einaste dag til og med 2. påskedag. Også i år blir det mulegheiter for å sende inn svar til slutt. Berre å gle seg med andre ord!

Publisert: 8. april 2019, 17:52