Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny målardugnad på torsdag

Jon Olav Ørsal Tysdag 26. mai 2015

Redskapshuset på Bordholmen skal få eit nytt målingsstrøk. Dugnadsgjengen hadde første samling tysdag kveld, der 5 personar møtte. Litt regnvêr gjorde at det ikkje var tilrådeleg med noko målararbeid, men gjengen tok fatt på skråpejobben som vart på det næraste ferdigstillt.  Torsdag frå kl 17 blir det ny dugnadskveld, og Gudmund Kvendset håpar at det da kjem bra med mannskap, slik at det blir litt fart i målararbeidet.

Ny farge blir det også, så det blir spennande å bli med på målararbeidet. Vestveggen har fått ny MøreRoyal-kledning, som nok skal halde veståvêret ute i mange år framover. Dugnadsjefen har ordna med utstyret som trengs så det er berre å stille opp – litt gammelkledd!

Publisert: 26. mai 2015, 20:58