Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny Kløvertur på måndag – Øyalia er turområde

Dordi Jorunn Halle Laurdag 4. mars 2017

Kløverturen måndag 6. mars er lagt til Øyalia. Oppmøte ved Matkroken kl. 11.00, og derifrå blir det samkjøring med bil opp til Ungdomshuset.

Skogsvegen i Øyalia er stort sett dekt med snø, berr nokre berrflekkar innimellom. Slik vegen var på torsdag, kunne det vere greitt å bruke broddar eller ha skor med piggar. Da var det litt småglatt.

Yr.no melder riktig fint ver, så det er berre å finne fram turkleda og bli med ut på tur. Vel møtt!

Utsikt mot Melen, Hallagrenda og Knuken. Foto: Dordi J H

Publisert: 4. mars 2017, 23:59