Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny innsamlingsaksjon på gang – blir du med?

Jon Olav Ørsal Måndag 30. september 2019

Den tradisjonelle TV-aksjonen blir i år arrangert søndag 20. oktober.  Inntekta frå aksjonen skal skape eit betre liv for kvinner i nokre av verdas mest sårbare områder. TV aksjonen skal gi flere hundre tusen kvinner moglegheit til å tjene sine eigne pengar, bestemme over eigen kropp og få si stemme høyrt. Vil du bli med og hjelpe til kan du enkelt og greit melde deg på her, eller ringe oss på Servicetorget i kommunen. 

Med i den lokale aksjonskomiteen – frå venstre Eva Garte Østbø og Olav Bergheim frå Vaksenopplæringa/Integreringa, Elinor Bolme frå Sanitetskvinnene, Liv Dalsegg frå Surnadal Sparebank og Anne Lise Wullum frå Sørviskontoret i Surnadal kommune. I tillegg er ordførar Lilly Gunn Nyheim med i komiteen. Foto: Jon Olav Ørsal

Nytt for året er nemleg at du aktivt kan melde deg på for å bli med på innsamlingsaksjonen. Har du lyst til å gjøre ein frivillig innsats for aksjonen så er du hjarteleg velkomen til å bli med, seier aksjonskoordinator Anne Lise With Wullum på Sørviskontoret.  – Ho fortel at kommunen tidlegare har sett opp lister med innsamlarar og sendt ut – dette er det no slutt på, og no kan du enkelt og greit klikke deg inn på verveportalen blimed.no, så er du i gang. Tykkjer du det er enklare å kontakte oss på Sørvistorget så kan du gjera det, seier Wullum. Her legg du inn nokre opplysningar om deg sjølv og sender inn, så får du informasjon etter kvart.  Dette er 100% frivilligheit – eller rettare sagt dugnad.

Nytt i år er også at 10-klassingane som har valfag «innsats for andre» deltek i aksjonen. Dei skal ha stand og selge vaflar og kaffe til inntekt for aksjonen. Dei starta alt i dag, med stand utafor Coop Extra, Kiwi og Rema 1000 og fekk straks god kontakt med kundar på veg inn- eller ut frå butikkane. 

Det lukta nystekte vaflar i gangen inn til Coop Extra – Oddrun Snekvik, Rakel Mikkelsen og Anne Eidsli Rodal frå 10-klassen, hadde både sjokoladekake og nystekte vaflar å by på – til inntekt for innsamlingsaksjonen. Foto: Jon Olav Ørsal

TV-innsamlinga går i år til organisasjonen CARE som er ein politisk og religiøst nøytral organisasjon.  CARE jobbar som sagt for at fattige kvinner i nokre av verdas mest sårbare områder skal få nye moglegheiter, men dei har ikkje nokon lokal medlemsorganisasjon som kan samle inn pengar. Dei har imidlertid innleia eit samarbeid på nasjonal basis med Sanitetskvinnene, og  alle dei fire sanitetsforeningane i kommunen stiller opp for årets aksjonen. – Som vanleg stiller også Surnadal Sparebank som «telje-bank» og opnar banken med to tilsette denne søndagen for å ta i mot pengane frå bøssebærarane og sørge for oppteljing. 

I samband med innsamlingsaksjonen inviteres det tysdag 15. oktober til Internasjonal  bygdekveld i Storstua i tidsrommet 18-21. Her bys det på gratis inngang og gratis servering og mykje god underhaldning.  Mellom anna vil koret Vox, Dansekompaniet og Kulturskulen bidra, samt 3 frå Vaksenopplæringa/Integreringa fortelje om sitt liv – om bakgrunnen og korleis dei har det no. Det blir servert spanande mat frå forskjellige nasjonar og spennande smakar, og sjølvsagt blir det loddsal.   – Dette håpar vi kan bli ein årleg tradisjon som blir ein naturleg del av arbeidet med å få til god integrering, seier Wullum.  

 

 

 

 

Publisert: 30. september 2019, 14:09