Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

NSF arrangerte randonée-trenarkurs på Kårvatn

Jon Olav Ørsal Sundag 17. februar 2019

Norges Skiforbund stod som arrangør av randonée trenarkurs på Kårvatn i Todalen i helga. Trenarkurset samla 18 deltakarar fra heile landet, og sågar eit par svensker deltok i kurset som hadde base på Kårvatn, og som bruka både Dalalia og uteområdet ved Dalahaugen til «klasserom».  Ove Erik Tronvoll var instruktør og han er nok godt kjent frå skimiljøet og har mange kjente namn på blokka si.

Den teoretiske delen av kurset foregikk på låven hos Kårvatn Fjellutstyr. Instruktør Ove Erik Tronvoll lengst til høgre. Foto: Jon Olav Ørsal

Men frå fredag til søndag er det altså randonée som gjeld, og da har det vore både teori og praksis. Med deltakarar både lokalt og nasjonalt og internasjonalt vart det ei gruppe på 18 kursdeltakarar som alle viste eit stort engasjement.  Vi er for øvrig kjent med at Tingvoll Videregående skole skal starte med randonéelinje til hausten, og at dei vil samarbeide med Kårvatn Fjellutstyr og bruk av Dalalia i undervisninga. Både Tingvoll VGS og Kårvatn Fjellutstyr var representert på trenarkurset som vart arrangert i «randonée-bygda» Todalen. Kårvatn Fjellustyr var nærast pionerar og var med heilt frå starten på denne sporten her til lands rundt årtusenskiftet.

Da vi var innom ein tur laurdag kveld var det samling på låven og gjennomgang av dagens praktiske øving i teknikk og metoder. Deltakarane vart tidlegare på dagen videofilma og så var det gjennomgang for å korrigere teknikken. Dette er viktig med tanke på belastningskader, og for å spare på kreftene.  Dei to første dagane har det vore mykje teori og teknikk på programmet, men med litt praksis innimellom. Søndag står det bl. anna skred på programmet og tur i Dalalia med trasévalg, teknikkar og praktisering av lærdommen. Opplæring i bruk av skredsøkar står mellom anna på programmet.

Heile gruppa samla, og får instruksjon av kursleiar Ove Erik Tronvoll. Foto: GK

Kurset er nok egentlig godt timet med tanke på at det neste helg er NorgesCup i randonée på Kårvatn, der Todalen i.L. står som arrangør. Arrangøren satsar på større lokal deltaking, og minner om at det er både trimklasse og turklasse under årets arrangement 23.-24. februar. Det er mykje snø på Kårvatn, og fine forhold i Dalalia og opp mot Tydalsnebba i det området som vil bli NC-arena under NC. Denne helga blir det også eit «mini-NC» for borna i området rundt Dalahaugen.

Lokale deltakarar på trenar kurset. Her flankeres Jøri Vatn frå Halsa av Gudmund Kårvatn til venstre og Erik Kårvatn til høgre. I tillegg var Fredrik T. Sletten frå Kårvatn Fjellutstyr med og ei gruppe frå Tingvoll videregående skole med på kurset. Foto: Jon Olav Ørsal

For å få bestått trenarkurs måtte kvar enkelt ut i praksis, og legge opp ei treningsøkt. Her tek Erik for seg gruppa si i øvelsen «rytmeskifte». Foto:GK

Ove Erik Tronvoll frå Norges Skiforbund var instruktør på trenarkurset. Han er ein av landets fremste på dette området. Foto: Jon Olav Ørsal

Mange type øvingar, her blir det trena på effektiv stavgang. Foto: GK

Kvar enkelt deltakarar vart filma, forgjennomgang av teknikken seinare på kvelden. Særs lærerikt! Foto: GK

Haubakkainn, – ein fin treningsarena for kursverksemd. Foto:GK

 

Publisert: 17. februar 2019, 10:11