Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Norsk Laksefestival er godt i gang

Jon Olav Ørsal Fredag 23. juni 2017

Alt torsdag opna festivalen med Camp Villaks og tivoli, medan familiearrangementet ved Glønavatnet var hovudarrangementet og samla ein god del folk.  Fredag opna marknadsgata på Skei, og elles var det både tivoli og opningsshow – vidare utover kvelden blir det både fiskekonkurranse og utekonsert på hovudscena.

Fredag kveld er det satsa hardt på eit ungt publikum – kl  entrar Morgan Sulele, Mads Veslelia, Cir.Cuz og Soma scena mellom kulturhuset og hotellet. Her blir det nok mykje folk utover fredagskvelden.

Laurdag opnar marknadsgata alt kl 10 – da startar også energikampen der Todalen skule er ein av deltakarane som skal kjempe om premien.  Elles bys det på sjakkturnering, tivoli, talentkonkurranse, ballongkunster og ikkje minst kåring av vinnaren av fiskekonkurransen – der det er gode sjansar for ein ny laksekonge.  Til slutt er det utekonsert med veteranen Terje Tyslang og etter kvart også The Queen.

Søndag startar programmet med ein smell på Angråmyra – medan marknadsgata startar kl 11.  Den store attraksjonen er nok andeløpet, som startar kl 14, og elles er det premieutdeling frå talentkonkurransen og til slutt avslutningsshow.  Her kan du lese om heile programmet på Norsk laksefestivals heimeside

Bilde glimt frå torsdagens arrangement i galleriet nedafor.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 23. juni 2017, 21:48