Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Nordmørsbunad og Farstadvest» trekte fullt hus i Bøfjorden

Dordi Jorunn Halle Måndag 16. juli 2018

Kvar søndag i sommarsesongen har Bøfjorden Historielag ope Sjøbruksmuseum, og kvar gong står det eit tema på programmet. Bernt Bøe var forbausa, men godt fornøgd med at salen var fullsett da han presenterte dagens kåsør, Ole Kristian Gundersen frå Frei. Det var da så fint ver! Temaet var «Nordmørsbunad og Farstadvest».

Bernt Bøe orienterer om programmet. Bak litt av bunadsutstillnga. Bunaden er gammel og har tilhøyrt Eli Nordvik frå Ålvundeidet. Bunadsveska er komponert og voven av Inga Farstad, altså ei nyskaping. Beltet er frå Todalen, Utigarden Ørsal. Foto: Dordi J H

Ole Kristian fortalde at han har hatt interesse for musikk og handverk frå han var liten gut. Han fekk første fela si som tolvåring, og gjennom musikken kom han i kontakt med ekteparet Betty og Erling Ulvund som båe to var musikarar og flinke med hendene sine. Betty farga garn og vov, Ole Kristian fekk vere med på dette og dermed var interessa vekt. Han fekk sjølv den første bunaden sin som 17-åring. Bunaden var sauma av Trygve Ørsal, skreddar og spelemann. Det var spennande å reise fleire turar innover til Straumsneset for å ta mål, prøve på og til slutt hente heim ein fin bunad – prosessen med å lage eit slik stasplagg fasinerte han.

Denne gamle og spesielle vesten fremst er frå Austigarden på Kvennset. Bunadsvesten er riktig gammel. Foto: Dordi J H

Tilfeldigvis møtte han Lisbet og Per Børset frå Ålvundeidet – Lisbet vov Farstadvesten til Nordmørsbunaden. Lisbet hadde samarbeidd med Inga Farstad i mange år. Ole Kristian fekk prøve vevstolen til Lisbet og vov vestty til dottera Ida da ho skulle konfirmerast i 2006. Historia vidare er at Ole Kristian overtok vevstolen til Lisbet. Travle kvardagar gjorde at han vart ståande ubruka i mange år. Men hausten 2017 tok han permisjon frå kreftsjukepleiarjobben, og det vart tid til å sette opp vevstolen i kjellarstua. No er i han gang med modul ein av seks modular i bunadstilverkarfaget i Rauland, og han har vore på kurs for å lære om damaskveving på Ørlandet. Han har starta firmaet «Elvakleiva vev og bunad», og plana er at han også skal lage bok om «Inga og veven hennar».

Fullt hus på Sjøbruksmuseet. Historielaget fekk godt sal av kaffe, kaker, bøker og lodd. Todalingar ved bordet: Marit Sanden Søyset, Sigrun og Johan Ørsal. Foto: Dordi J H

Gundersen hadde mykje interessant å fortelje om Nordmørsbunaden og om det verdifulle arbeidet Inga Farstad la ned for bunadsarbeidet på Nordmøre. Det var Nordmøre Bondekvinnelag som starta opp arbeidet med å rekonstruere kvinnebunaden for Nordmøre om lag i 1920. Lokallaga samla inn grunnlagsmateriale, og i 1946 vart prøven av ullvest sendt til Husfliden i Oslo. Inga Farstad frå Straumsneset vart vald til å veve vesten, og ho fekk opplæring i Oslo i tre månader. Den spesielle brosjeringa med roser i ulike fargar i Nordmørsvesten var vanskeleg å få til, men med eit slumpetreff greidde Inga sjølv å utvikle ein teknikk som gjorde dette mogleg. Det er komplisert å veve dette tyet; ikkje mindre enn 1400 trådar å halde styr på, og det trengst mange hender når veven skal rennast. Gjennom åra vart det produsert mellom 2000 og 3000 vestar i vevstua til Inga Farstad! Mange nordmørskvinner går den dag i dag rundt i dei vakre vestane til Inga. Som ein kuriositet vart det nemnd at Inga også vov gardiner til røykesalongen til Kongeskipet.

Det kan også nemnast at Ole Kristian broderer bunadsskjorter, syr linhattar med sjølvlaga kniplingkant og også har laga eit par skinnbukser til mannsbunaden.

Ole Kristian Gundersen til venstre – han har på seg bunadsjakken som han fekk som 17-åring. Da var mannsbunaden på Nordmøre brun. Rannei Rødseth var med og arrangerte det første skinnbrokkurset. John Heggem med den fine bunaden sin. Foto: Dordi J H

Publikum var oppmoda om å ta med seg bunadsplagg til å stille ut på museet. Ein av dei som stilte med bunaden sin var, John Heggem – Nonnon. Han hadde ei artig historie å fortelje: Da det var OL på Lillehammer i 1994, fekk han interesse for norske tradisjonsklede. Og da det første kurset i sauming av den nye mannsbunaden med skinnbukse vart arrangert, melde han seg på i lag med andre unge karar. Det var tungt og tidkrevjande å brodere mønsteret på skinnbuksa, og han vart ikkje ferdig i løpet av kurstida. Men da han var uheldig og braut foten under ein fotballkamp i 1995, fekk han plutseleg god tida og han fekk sauma ferdig buksa og vesten. Andre i familien hjelpte til med å brodere bukseselar og skjorte, og Berit Moen Larsen som hadde vore læraren hans i kunst- og handverk på ungdomsskulen, strikka hosene! Berre jakken er kjøpt på husfliden! John hadde møtt Ole Kristian før også – Ole Kristian tok imot John da han kom til sjukehuset med brekt fot! Og i dag var kurshaldaren frå 1995, Rannei Rødset, også på plass på Sjøbruksmuseet. Ho har lagt ned eit stort arbeid for å ta vare på bunadstradisjonane på Nordmøre og var ei av drivkreftene da mannsbunaden vart rekonstruert.

Skinnbroka er stilig med fine mønster og knappar. Foto: Dordi J H

Publikum var interesserte og engasjerte, stilte spørsmål og viste fram bunadsplagg, belte og bilete. Det vart mellom anna diskutert kva rolle «bunadspolitiet» skal ha. Det er ikkje så bra at drakter som blir maskinproduserte i utlandet, blir selde under merkevara bunad. Ole Kristian Gundersen oppsummerte temaet slik: «Det er viktig å ta vare på gamle tradisjonar, men ikkje miste evna til  kreativitet.» Det er viktig å bruke og vidareføre gamle handverkstradisjonar når ein lagar bunader.

Ole Kristian tok også fram fela og spela folketone frå Sunnmøre, Grautmarsj frå Tingvoll og Julverset i tradisjon frå Todalen – det let vakkert!

Ole Kristian Gundersen er allsidig – her trakterer han fela. Både tradisjonsmusikken og tradisjonshandverket gir rom for krusedullar og improvisasjonar. Foto: Dordi J H

Det vart ein interessant og triveleg ettermiddag i det spesielle lokalet som er Bøfjorden Sjøbruksmuseum. Foto: Dordi J H

.

Publisert: 16. juli 2018, 00:44