Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nok eit skuleår unnagjort

Elinor Bolme Fredag 19. juni 2020

I går kveld markerte 5. – 7. klasse skoleslutt, ferietid og nye utfordringar frå hausten av. Tradisjonell skuleavslutning var ersatta av ein enkel samankomst av elevar, lærarar og foreldre ute på skoleplassen i finværet.

FAU sto for arrangementet kor det vart gjort litt stas på dei tre eldste elevane som fra hausten tek steget opp i 8. klasse ved Surnadal ungdomsskule.

Knut Bergli sørga for heimelaga pizza til heile gjengen. Ola Dalsegg og Gudmund Kårvatn bisto så godt dei kunne.

Knut diska opp med både tradisjonell skinke og ost, utan ost, vegetar og ikkje mins nugatti og jordbær.

Og med vel 400 grader i omnen var velsmakende pizza ferdig på under to minutt.

Britt Mossing ønsker velkommen og vel bekomme.

Etter at alle hadde fått ete seg mette og kost seg med is, kaffe og sosialt prat rundt borda var det 7. klassingene som tok ordet. Dei takka for sine fine sju år ved Todalen skule og hadde laga gåve til kontaktlærer Marit Lediard og Britt Mossing.

Alltid vemodig for lærarane å måtte sleppe frå seg dei eldste elevane. Fra venstre kontaktlærar Marit Lediard, 7. klassingane Ylva Synnøve Gjeldnes, Nora Kårvatn, Shan Allan Halle og rektor Britt Mossing.

FAU delte ut blomster til lærarane som takk for nok eit vel gjennomført skuleår.

Først publisert: 19. juni 2020, 03:00 - Sist oppdatert: 18. juni 2020, 22:53