Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nok eit jervfall – tispe på 9,9 kg denne gongen

Jon Olav Ørsal Fredag 13. januar 2017

Natt til fredag vart det nok eit jervfall – same stad og same jeger. Dermed er den ordinære kvoten for Møre og Romsdal og Trollheimsområdet fyllt – men fredag ettermiddag har vi frå pålitelige kjelder fått opplyst at fylkesmannen har tildelt eit ekstradyr.

Fredag er det som sagt klart at fylkesmannen i Møre og Romsdal har tildelt eit ekstra dyr – dermed er det også klart at jervjakta vil fortsette. Fredag ettermiddag var vi i kontakt med SNO-oppsyn Lars Olav Lund som bekrefta jervfallet. Lund har vore ute på feltarbeid hele dagen og var ikkje informert om tildeling av ekstrakvote på jerv.

Det er forøvrig bekrefta at det er gjort fleire observasjonar av familiegruppe (vakse dyr med 2 ungar) med gaupe. Seinast sist onsdag vart det gjort ein slik observasjon i Surnadal, men det er tidlegare gjort observasjon, mellom anna med viltkamera.  – Dersom det blir gjort observasjonar av gaupe eller jerv ber SNO-oppsyn Lars Olav Lund om at det tas kontakt med han, slik at han får danna seg eit bilete ut frå når og korleis rovdyra beveger seg.

Publisert: 13. januar 2017, 16:09