Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

No må du nyte finvêret!

Jon Olav Ørsal Måndag 3. august 2015

Vi har lagt attom oss eit par sommarmånader med mykje skodde og regn, så det er på tide at vi får sjå sola. Bildet er frå måndag morgon, med utsikt mot Husby. Sola er  i gang med å fordampe restane etter gårdagens regn og nattas dugg. Egentleg ein flott skue å nyte til frokosten i dag, sjølv om temperaturen i 7.30-tida var berre på 6 varmegrader.

Etter vêrmeldinga så byr yr.no i dag på sol utover føremiddagen, med på ettermiddagen vil det skye til igjen for så å klårne opp igjen til kvelds. Tysdagen er det også brukbare meldinger med temperaturar opp mot 25 grader utpå dagen. Men på onsdag og utover veka vil vi nok få føling med regnet igjen, melder yr.no på langtidsvarselet.

Vi må berre bruke det som er av sol og finvêr, så derfor: Nyt dagen!

Publisert: 3. august 2015, 09:09