Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

No livnar det i lundar …..

Dordi Jorunn Halle Onsdag 30. mars 2016
IMG_4688

Oppe frå Storhaugen ser ein at snøen no mest er borte. Foto: Dordi J.H.

Sol, landvind og mange varmegrader om natta dei siste påskedagane fekk fart på snøsmeltinga, no er det nesten bart nede i bygda. Ein ser stor forskjell frå dag til dag.

IMG_7927

Snøklokkene er eit tidleg vårteikn i blomsterhagen. Foto: Dordi J.H.

Med det same snøen er borte, dukkar fine og fargerike vårblomstrar fram i hagar, vegkantar, i skog og lier. Det er sikre og kjære vårteikn som ber bod om lysare tider.

IMG_7916

Hestehov var det lite av i Todalen for 50 -60 år sidan, no er det eit sikkert vårteikn i veggrøftene. Foto: Dordi J.H.

Elva søger, bekkene brusar og fuglane syng – gode dagar! Men kanskje er våren litt skummel, for det seiest at knoppane skyt, lauvet sprett og sola stikk ……

IMG_7937

Kvar blomster er mest som eit lite under. Foto: Dordi J.H.

Det er lettast å legge merke vårblomstrane, men det finst og tidleg vårsopp. Inne ved Skukkulbrekkå er det no små, raude og fine soppar med det flotte namnet «skarlagen vårbeger». Denne soppen er relativt sjeldan og veks helst på kvister av older og der det er litt vått.  Takk for tipset til Harald Egil Folden.

IMG_4696

Skarlagen vårbeger – ein flott liten skapning! Foto: Dordi J.H.

Viss nokon vil ta ein vårtur oppå Storhaugen, er det no godt joggeskoføre frå Brusetnesset, medan det framleis er ein del snø i skogsvegen om ein går frå Todalshytta.

Bilete 6

Hasselen blomstrar oppi Kalvgeilen. Hann- og ho-blomster på same kvist. Hoblomsteren er raud og uanseleg, men ber det fine namnet «natavon». Foto: Dordi J.H.

Men i morgon tek våren pause ein dag, i alle fall melder yr snø og kuldegrader da. Men alt fredag skal sola kika fram att, det er bere å gle seg!

IMG_7966

Blåveis, veks ikkje vilt i Todalen. Denne er komen frå Trøndelag. Foto: Dordi J.H.

 

Publisert: 30. mars 2016, 17:29