Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

NM: Skjervheim, Haukøy og Svensli til topps – oppdatert

Jon Olav Ørsal Laurdag 13. februar 2016

Det var ikkje uventa at Lars Erik Skjervheim og Malene B. Haukøy gikk til topps i herre og dameklassen under NM randonee individuelt på Kårvatn i dag. I juniorklassen var det Sondre Anderson Svensli som trekte det lengste strået og sikra seg NM-tittelen.

Starten_6680

Frå starten, der Skjervheim og Hoff har posisjonert seg. Foto: Jon Olav Ørsal

I seniorklassen for menn var det egentlig ein kamp mellom Skjervheim og Sindre Hoff, der Hoff hadde beste tid på de første mellomtidene, men vart fort henta inn av Skjervheim som kom i mål på bestetid 1.17.55. Hoff kom i mål 1.40 etter Skjervheim.
I seniorklassen for menn var det eigentleg ein kamp mellom Skjervheim og Sindre Hoff, der Hoff hadde beste tid på de første mellomtidene, men vart etter kvart henta inn av Skjervheim som kom i mål på bestetid 1.17.55. Hoff kom i mål 1.40 etter Skjervheim.
Verken Malene B. Haukøy eller junioren Sondre A. Svensli hadde reell konkurranse i dag, og var suverene i kvar sin klasse. Konkurrentane til Malene hadde sjukdomsforfall og dermed vart det lett match for henne, men ho kom i mål på 1.16.26, og brukte berre et halvminutt meir enn junioren sondre.

Alle løparane skrytte av føret, løypene og todalsnaturen!   – Det er utruleg artig når det er så fine forhold som i dag, sa Lars Erik Skjervheim, da vi snakka med han etter løpet.  Her får du både skog, fjell og ein utruleg fin natur på ein gong, og kom med tydelege anbefalingar om at fleire måtte bli med på denne fine sporten.
Opphavleg gikk løypa opp til toppen av Tydalsnebba, men etter synfaring i går var plana endra på grunn av skredfaren på ryggen opp mot toppen. Toppunktet vart difor den ytre toppen av Tydalsnebba.

Søndag fortsett randoneehelga i Todalen. Da blir det randoneecup vertikal, der løypa startar i fjøresteinane ved Todalsøra og går opp til Litj-fjellet (886 m.o.h.). Her blir det spanande å sjå kven som blir førstemann opp!

Her kan du laste ned komplett resultatliste frå laurdagens NM-konkurranse

MaleneHaukøy_6859

Malene B. Haukøy får sin gullmedalje og diplom med Martin Bartnes frå Skiforbundet.

Sondre Svensli_6850

Lokal vinnar i juniorklassen – Sondre Andersson Svensli frå Eidsvåg – sikra seg gullmedalje og NM-tittel. foto: Jon Olav Ørsal

Her kommer bildegalleri frå start og målgang på arenaen ved Kårvatn.

Publisert: 13. februar 2016, 15:55