Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

NM randonee – i bilder

Elinor Bolme Laurdag 13. februar 2016

Under dagens NM individuell var vi så heldig å ha fleire kameraer ute i løypa. Under har vi derfor lagt inn fleire bildegalleri frå målområdet og heilt opp til toppen av Tydalsnebba. Rennleiar Nils Ove Bruse i Todalen IL fekk nok ein gong velfortjent skryt for eit fremdragande arrangement frå Martin Bartnes i Skiforbundet i målområdet etter endt dag. Og med mellom 30 og 40 personar fordelt i sekretariat, kiosk, og løypemannskap med mange års erfaring, så er det kanskje ikkje så rart at dette arrangementet går på skinner.

I morgon er det ny lokasjon. Da er manskapet flytta til Hallsetreita og Litjfjellet. Løypa vart oppgått i dag ettermiddag, før dei ivrigaste fekk heim til middag. Her blir målgangen oppe på Litjfjellet. Start kl 11 for utøvarane.

Under er fleire bildegalleri fra dagens øvelse. Eitt fra Jo Gjeldnes som sto på toppen av Tydalsnebba. Eitt fra Elinor Bolme som sto på «1040». Eitt fra Mari Brusethaug Redalen som tok litt på turen opp, samt på Tydalsnebba. Og til slutt eitt frå Jon Olav Ørsal som gjorde rent bord i målområdet.

Tydalsnebba, foto Jo:

 

1040 foto Elinor:

 

Opptur og litt meir, foto Mari:

 

Målområdet, før og etter ved Jon O:

PR_NMfilm

– Og til slutt kan du sjå filmopptak frå dagens NM-arrangement frå Kårvatn. Sjå filmen her!

Først publisert: 13. februar 2016, 21:31 - Sist oppdatert: 14. februar 2016, 09:11