Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nils Olav opna fotoutstilling på Tingvoll

Jon Olav Ørsal Sundag 3. mai 2015

Frå slutten av 70-talet til byrjinga på 90-talet var Nils Olav Talgøy eit kjent trekk i bybiletet i Todalen. Med treskjærarverkstad på Nessakaia og ryggsekk og kamera i todalsnaturen vart han fort spesialist på fotografering av hjort og anna vilt, og det tok mykje av tida hans i desse åra. På nittitalet flytta han attende til Meisingset, der han i dag er busett. Han er framleis aktiv med kamera og laurdag opna han si første fotoutstilling.

”Fra bergmalerier til digitalfoto” har Nils Olav Talgøy kalla si første fotoutstilling, som han opna i Tingvoll brygge- og fjordhotell laurdag. Namnet indikerer utviklinga som har skjedd i formidlingsteknikken frå helleristningane vart laga i steinalderen til dagens digitale fototeknikk.

Utstillinga skjedde i samarbeid med Tingvoll kunstlag, og er ein del av ”kulturvekkå” i Tingvoll. Opninga forgikk i ein fullsett kinosal på hotellet. Nils Olav viste lysbilde og fortalte om si verksemd som naturfotograf, noko som  gjennom heile livet har vore litt meir enn ein hobby. Utstillinga er ei såkalla bruksutstilling, der bileta er plassert rundt om kring i hotellet i dei romma som er i dagleg bruk. Utstillinga bli ståande der i heile mai og juni, og det er berre å stikke innom i opningstida på hotellet for å sjå.

Sjølvsagt var det mange hjortbilde i utstillinga. Nils Olav er ein av dei fremste hjortefotografane i Norge – kanskje den fremste? Han har bruka mykje tid på hjorten, og venta på den rette settinga og på dei rette lystilhøva for å få dei mange blinkskota. Talgøy likar best å fotografere dyra i sine rette element og utan at dei er forstyrra. Men i serien var det også action-bilde som frå jakt, som viser at Nils Olav er ein ivrig jeger.

Sjølv om hjorten hadde fått mest plass, var det stor bredde i utstillinga. Både elg, reinsdyr, rovdyr og fuglar.  Bilde av ryper, tiurleik og mellom anna eit blinkskot av ein bergul (hubro) som han hadde lagt ned mykje arbeid og venting for å få i den rette settinga.

Rovdyr – flotte jervbilde frå Todalen og Trollheimen. Nils Olav dreiv treskjerarverkstad i Todalen frå slutten av 70-talet og fram til 90-talet. Den verksemda kombinerte han med sin interesse for fotografering med Trollheimen som arena. Talgøy har forresten jobba mykje med rein – som jaktoppsyn frå Hardangervidda i sør, til Svalbard i nord – men mest på Dovre. Mange av dei flotte opplevingane i haustfjellet har han fanga på filmen fått med seg heim og er no komne i glas og ramme. Apropos rammer, så har forresten alle bileta fått flotte heimlaga rammer – tilpassa kvart enkelt bilete av fotografen sjølv.

Kulturinnslag var det også plass til – Kine Gyldenskog både opna og avslutta opningsseansen i kinosalen med sine folketonar frå Tingvoll og Nordmøre, noko som passa godt til våre reise i natur- og dyreriket til Nils Olav. Publikum lika bilda til Nils Olav – første timen var det alt registrert eit ti-tals kjøparar på lista og det blir nok meir etter kvart.

Bildeglimt frå opninga av utstillinga på laurdag.  Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 3. mai 2015, 10:13