Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nei da, det er ikkje oppstart for Todalsfjordprosjektet!

Jon Olav Ørsal Onsdag 27. februar 2019

Det var mange gule bilar i Svinviktunellen og på parkeringsplassen ovafor Svinvika, men det var ikkje oppstart på Todalsfjordprosjektet det dreide seg om. Det var rett og slett kontroll og ettersyn av Svinviktunellen som foregikk, og det arbeidet vil nok pågå ei stund utover dagen. I sambande med dette arbeidet kjøres det ledebil gjennom tunellen for å handtere trafikken på ein sikker måte.

Stort sett blir ikkje trafikken noko vesentleg forsinka, men det kan bli litt ventetid innimellom fortalte gjengen frå Mesta som var i Svinviktunellen på arbeid i dag. Skal du på ferga er det lurt å legge inn nokre minutt ekstra 🙂

Kontroll og ettersyn av Svinviktunellen i dag. Foto: Jon Olav Ørsal

Ledebil sørga for å lose trafikken trygt gjennom tunellen. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 27. februar 2019, 11:57