Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

NC – Vel blåst for denne gong!

Jon Olav Ørsal Måndag 16. februar 2015

Arrangørstaben kan nok ein gong puste ut etter eit vellykka arrangement. Norgescupen som vart arrangert på Kårvatn er eit krevjande arrangement som krev mykje av arrangøren – det skal takast hensyn til kvalitetssikring av tider og data og ikkje minst sikkerheita for løparane og løypemannskapet. Nils Ove Bruset har vore rennleiar og har trekt i trådane for å få alle ting på plass. Han rosar mannskapet for både stor innsats og velvilje til å finne praktiske løysingar på dei mange utfordringane i forbindelse med arrangementet.

Nils Ove Bruset har vore både rennleiar og speaker. han takkar alle som har bidrege til eit vellykka arrangement.  Foto: Jon Olav Ørsal

Nils Ove Bruset har vore både rennleiar og speaker. han takkar alle som har bidrege til eit vellykka arrangement. Foto: Jon Olav Ørsal

Bruset seier at laget har fått mange positive tilbakmeldingar både frå forbundet, løparane og mange andre. Den rosen vil han dele med alle dem som har vore med og stillt opp som ein profesjonell gjeng i samband med Norgescupen – ikkje minst sponsorane. Vi tykte at Martin Bartnes, som representerer både løparane og forbundet, sa det så godt da han takka reinnleiaren med desse orda: «Takk – det ha vårre arti å vårrå her»!

Vi på Todalen.n vil også takke alle som har bidrege med bilder, tips og inormasjon til oss med eit bildegalleri av mannskap og funksjonærer i løpet av helga. Vi har sikkert ikkje klart å fange opp alle med våre kamera, men du finn mange i bildegalleriet her.  Alle foto: Todalen.no

 

Publisert: 16. februar 2015, 13:47