Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Naustådalen, Fagerlidalen og Romådalen på ski

Jon Olav Ørsal Måndag 20. april 2015

Søndag var det ypperlig turvêr og skiføre, og det var nok mange som nytta høvet til å kome seg til fjells. Det er enno godt skiføre og bra med snø i fjellet, sjølv om elvar og bekkar etter kvart er opne og kan by på litt problem. Odd Harald Talgø og Tove T. Brøndbo nytta denne dagen til ein stortur i fjellet, med start på Kårvatn og innover Naustådalen til Fagerlidalen og utatt Romådalen og ned til Heggøyann. Odd Harald hadde med kamera og har sendt oss ein masse fine bilder som vi gjerne deler med våre lesarar…

IMG_1707

Tove tek pause ved Naudbua ved Naustådalsvatnet. Foto: Odd Harald Talgø

Turen gikk opp Dalalia til Dalasetra, og vidare innover Naustådalen på godt føre. Opp Falla til Naustådalsvatnet og ein liten visitt i Naudbua som står aust for vatnet og ikkje langt frp vasskjelet som er turens høgaste punkt. Vidare fortsette turen forbi Salsvatna og ned mot Fagerlidalen, før «heimturen» utover mot Romådalen starta. Men først vart det ein visitt ved Fagerlidalshytta og vidare utover til Svarten og utover Romådalen til Haukarsteinen og ned til Heggøyan til slutt – ein tur som tok mellom 9 og 10 timar.

I galleriet nedafor har vi plukket ut eit utval av bilda frå turen, med glim frå både Naustådalen, Fagerlidalen og Romådalen.  Alle foto: Odd Harald Talgø

 

Publisert: 20. april 2015, 22:00