Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Nattlosji for Førdefjord

Nattlosji for Førdefjord

Jon Olav Ørsal Måndag 19. august 2013

BF Førdefjord skal få sitt nattlosji ved kai på Ansnessaga. Frå tysdag kveld vil ferja slippe å gå til Halsa for å legge til kai om natta. Dermed får ferja frigjort til bruk i sambandet mellom Todalen og Kvanne, og kan både starte og avslutte rutetilbodet i Todalen. Tysdag vil det kome nye rutetider som blir gjort gjeldande frå onsdag morgon, fortel kommunalsjef Inge Skogheim i Surnadal kommune.

Lekteren som no blir liggjande ved Ansnessaga som «støttekontakt» for BF Førdefjord er nok godt kjent i Todalen fra før. Det er «Knusaren», som låg ved sandkaia for fleeire år sia, og var påmontert knusverk for å knuse grus frå grusholet på Kvennset.  No blir den altså liggande ved Ansnessaga til vegen opnar og BF Førdefjord avsluttar tenesta på Todalsfjorden. Det er for grunnt ved kaia, derfor er det nødvendig å legge lekteren der slik at ferja kjem ut på djupare vatn.

Lekteren «Knusaren» vart i dag slepa innover til Todalen av slepebåten «Waterbjørn» som hadde bruka 5 timar på turen innover fjordane frå Kristiansund.

Publisert: 19. august 2013, 23:03