Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mykje regn – ras og tette stikkrenner i Brusetmarka – oppdatert

Jon Olav Ørsal Onsdag 12. juli 2017

I ein flaumbekk mellom Småhjellan og Raubekken i Brusetmarka, har stikkrenna gått tett i løpet av natta.  Dermed tok vatnet vegen innover og ned i Raubekken, som fikk problem med å ta unna alt vatnet.  Det var skikkeleg regner utover natt til onsdag, og ved Småhjellan målestasjon kom det heile 27 mm nedbør frå midnatt og fram til i føremiddag, med ein topp i 2-tida.

 

Det polla godt der stikkrenna frå Raubekken går ut i Toåa. Foto: Jon Olav ØrsalNo i føremiddag er det redusert vassføring og dermed ikkje fare for at det skal bli nokon vesentleg skade verken på kommunevegen, eller på privat eiendom. 

 

I føremiddag har vassføringa gått ned, men det var enno godt med vatn i veggrøfta innover mot Raubekken. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Bilde frå rasområdet, der raset har starta. Foto: Kristen Bruset

Ein god del masse har fylt opp bekken, og dermed også stikkrenna under vegen. Foto: Kristen Bruset

Etter kvart som ein fikk betre oversikt er det klart at det har gått eit ras i Bjørålia, og at det er dette raset som har ført til at masse er ført med bekken nedover – og som har tetta stikkrenna som går under kommunevegen. Det er Kristen Bruset som er grunneigar i området, og han har sendt oss bilder av raset. Det er både bilder frå rasstaden og bilder som er tekne frå Heggøyan. Etter som vi forstår er det ikkje fare for at det skal rase ut meir masse i denne omgangen. 

Rasstaden sett frå Brusetmarka – her ser vi tydeleg kvar raset har starta. Foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 12. juli 2017, 11:53