Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mykje å sjå, innan dei fleste sjangrar

Elinor Bolme Måndag 12. september 2016

Surnadal kino ventar mykje folk på kino etter kvart som Dory, Bridget Jones, Kong Håkon V, diverse troll og Tom Hanks kjem. Men mest fart blir det kanskje når «Børning 2» sladdar innom, skriv Steinar Hasselø i ein epost til redaksjonen.

Dory, kjent frå Pixar/Disney-filmen «Oppdrag Nemo» fekk ikkje svømt frå seg før «Gråtass» la turen innom kinoen. «Gråtass gir gass» til og med onsdag, og så kjem Dory tilbake – til glede for dei som ikkje vart med på blåturen til den vimsete palettkirurgifisken sist veke.

Den norske skrekkfilmen «Cave» går også til og med onsdag. Frå fredag av blir det gjensyn med «Bridget Jones» som no har kome i «lykkelige omstendigheter». Men ho veit ikkje heilt kven ho skal dele lukka med; er det eksen Mark Darcy eller kjekkasen Jack som er far til «Bridget Jones’ baby»? Kinoen kjem også til å vise filmen på såkalla «babykino» 22. september – i tillegg til dagkino (med alt lyset av) og kveldsframsyningar.

Går du svanger med tanken om å sjå filmen, har du ei stor veke på deg – for 23. september kjem «Kongens Nei» – om ein rakrygga konge der andre var villige til å gå med på det meste i nokre hektiske aprildagar. «Kongens Nei» vart valt ut som norsk oscarkandidat berre timar etter at den vart ferdig og regissør Erik Poppe kalla innspelinga ein gedigen dugnad der tusenvis har bidrege for å skape eit mest muleg realistisk bilde av krigsutbrotet i 1940. Denne filmen vil også bli vist på dagtid.

«Børning 2» har to ting til felles med «Kongens nei»: Den vil også dra mykje folk til kinoen, og Anders Baasmo Christiansen har ei stor rolle i begge filmane. Elles er lite likt: «Børning 2» handlar om bil, humor og galskap «Norge rundt» og enda litt lengre.

Galskap kjem kanskje Tom Hanks over når han er med på sin tredje filmatisering av Dan Browns spenningsbøker. «DaVinci-koden» var den første, som sikkert mange hugsar, og no er vi kome til «Inferno».

Av andre vaksenfilmar som kjem, kan vi nemne at etterspurde «SuicideSquad» får lov til å gjera eit kort comeback søndag 2. oktober. Elles har kinoen sett opp skrekkfilmen «Don’t Breathe» og den spektakulære vinterfilmen «Supervention 2» i oktober, medan dei yngste får bli betre kjent med norske «Gilberts grusomme hevn» og «Trolls».
Trolls

bridget-jones-baby

Tydeleg nok mange som feirar at Bridget Jones har vorte gravid …

 

kongens-nei-bilde

Konge og kronprins på flukt i «Kongens Nei».

 

Publisert: 12. september 2016, 15:56