Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Museumsdag – Bjørn Austigard kåserte om havre

Museumsdag – Bjørn Austigard kåserte om havre

Jon Olav Ørsal Sundag 17. juli 2011

Søndag arrangerte Surnadal Museum aktivitetsdag saman med Todalen historielag og Stangvik historielag. Det vart ikkje den heilt store publikumstilstrøyminga i sommarvarmen, men dei 40-50 som deltok fekk nok valuta for pengane. Hovudposten på programmet var Bjørn Austigards kåseri om havren. Han kåserte om havrens betydning for levesettet til folk oppgjennom tida. I eit muntert og instererssant kåseri dokumenterte han utviklinga som har skjedd og kva rolle havren har hatt i utviklinga.

Vidare var det utstilling av gamle radioar som Oddvar Kvande har samle. Det var radioar i alle variantar fra 40-talet og oppover til 60-talet, og det var nok mange som tykte det var artig med eit gjensyn av gamle radiomodellar som dei kjente att fra krigens dager og framover.

Av andre ting som stod på programmet var hestekjøring og museums-quiz i tillegg til at museumsutstillingane var opne for publikum, og sjølvsagt var det salg av kaffe med bakels og graut. Dei hadde også koka ein stor kjele med dravle, som var eit populært innslag på menyen.

Bildegalleri frå aktivitsdagen på Åsen.  Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Publisert: 17. juli 2011, 18:09