Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Morgonkaffe med celebert besøk

Jon Olav Ørsal Tysdag 19. desember 2017

På morgonkaffen i Kaffekroken er det som oftast ikkje så stor deltaking, men tysdag var det både bursdagsfeiring og celebert besøk.  Ragnar var jubilant, og er frå i dag i ein slik alder at han kan gjera som han vil, og det var behørig feira med krem-terte til alle som var innom. Førstemann innom var skulebussjåføren – Kristian Kjølstad – og etter kvart var vart det både jubilant, ordførar, rådmann og fleire til, men det var sjølvsagt berre jubilanten som fikk klem og presang med ordføraren. 

Kristian Kjølstad var først ute – skulebussjåfør som må halde ruta – her blir han traktert av Terje Nordvik. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Sjølvsagt vart det politisk debatt der det vart kommentert nedlegging med «rak rygg» av 8 sjukeheimsplassar.  Meir lokalepolitiske spørsmål kom sjølvsagt på banen etter kvart. Den stengte Øyabrua vart neste tema – og den skal med det første handterast politisk og det er slett ikkje avgjort om den blir restaureret. Et tankekors er det likevel at den ikke er farbar for bilar, men at skulebarna likevel kan trafikkere den med sykkel eller til fots. Eit tankekors er det i alle fall at dersom brua blir stengt så blir trafikkmengda i Brusetmelan auka dramatisk og her er vegen heilt usikra – her er det rett i elva!

Ragnar hadde feira bursdagen sin, og fekk både ordførarklem og gåve med Lilly Gunn. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Eit anna viktig tema var bruken av lokale butikkar som leverandør til kommunale institusjonar.  Dette har no Merkurprosjektet sett søkelyset på, og kommunane vil no bli fulgt med argusaugo når nye kontraktar om salg til institusjonar skal reviderast. Det er vel naturleg at skulen i Todalen nyttar den lokale butikken i staden for å handle med grossistar i byn? Er det ikkje slik da at sentralisering av innkjøp er sentralisering av beste slag?

Det blir nok kamp om Øyabrua – omkjøring via Brusetbrua aukar trafikken gjennom Brusetmelan som er heilt usikra og lite egna for skuleborn. Foto Elinor Bolme

Elles var sjølvsagt Todalsfjordprosjektet og  ny kommunedelplan tema, og 1000-kronersspørsmålet er sjølvsagt når prosjektet bli realisert?  Lilly Gunn hadde god tru på at det blir realisert, men at det kanskje tek litt tid. Men lenger nedbetalingstid for bompengeprosjektet kan sette fortgang på utbygginga.

Men det var ikkje berre politikk og alvor – sjølvsagt var det også plass til mange muntre historier om både gamle og nye tema. 

 

Publisert: 19. desember 2017, 16:34