Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Morgen røde gir dage bløde….

Morgen røde gir dage bløde….

Jon Olav Ørsal Sundag 23. desember 2012

Det er eit ordtak som seier at «Morgen røde gir dage bløde, kveldsrøde gir morgen søde».  I dag tidleg (rundt 9-tida) var det ein fantastisk fin austhimmel. Den kom fort og forsvant fort. Men eit telefontips frå Gudmund Kvendset (Sandstad) om kva som var i emning, gjorde at kamera vart gjort klart, og resultatet ser du ovafor.

Rakk ikkje så mykje justeringer på kameraet, men stillte hvitbalansen over på manuelt og justerte ned et par blemdertrinn. Så var det å prøve seg frem med lysmålingen, og knipse i veg. Det hadde nok gjort seg å hatt fotostativet klart med tanke på at lukkartida vart litt lang.

Med tanke på vêret så er det nok lite som tyder på at dagen blir «blød». Vêrmeldiga på yr.no melder om bra vêr og stabil temperatur utover dagen, men det vil bli litt vind frå søraust. Det vil skye på litt utover kvelden, samtidig som vinden minkar. Langtidsvêret er litt usikkert, da det er meldt litt sludd og snø på 1. og 2. juledag, men skiftande vindretning kan nok påvirke det. Her finn du langtidsvêret på yr.no.

Publisert: 23. desember 2012, 11:33