Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mølledrift sidan 1500-talet

Elinor Bolme Torsdag 18. oktober 2018

Det vart eit både hyggeleg og lærerikt møte då Senioruniversitetet 17/10-18 besøkte Røv Mølle, og dei 26 deltakarane avslutta orienteringa med å få servert både bygg-graut, kaffe og kake – og omvisning. Mange av oss køyrer forbi mølla neste dagleg, men dei færraste har vore innom dørene, og enda færre har innblikk i den spennande mølledrifta som Lina og Tove Mogstad i dag står i spissen for, saman med seks andre tilsette og elles sjåførar og lokal arbeidskraft på timebasis, og ei årleg omsetning på godt over 100 millionar.

Dei fleste av oss forbinder mølledrifta med dei mange traktorlassa med korn som nokre veker i august-september finn vegen til Røv Mølle, ei kornmølle med ei historie minst tilbake til Vindølfossen og 1580. Mølla vart dominerande jamført med andre lokale kornmøller fordi vassføringa i elva var stor og stabil. I 1913 vart mølla flytta dit ho no står, og fekk kraft frå kraftstasjonen som vart bygd i elva.

EIgar Tove Mogstad fortalde om drifta, utviklinga og framtida.

Men sjølv om Surnadal er den største kornbygda i Møre og Romsdal, er vårt fylke ikkje noko stort kornfylke.  «Det er kraftforproduksjon vi lever av», vart det understreka, og på mølla blir det produsert ulike forblandingar i heile 30 standardsiloar», og etter Surnadal og Rindal er husdyrkommunen Fræna den tredje viktigaste kommunen for mølla. 

At kornproduksjonen til mat og for lever i takt ikkje berre med god og dårleg årsvekst, men og med internasjonale svingningar og handel, fekk vi og høyre om. Når Trump og USA legg seg i konflikt med Kina, kan det lett merkast på Røv Mølle. Derfor er m.a. spørsmålet om kornlager igjen ei aktuell problemstilling.  Men også lokale utfordringar pregar dagen på mølla. Utgiftene til transport er større enn utgiftene til produksjonen. Såleis er den uavklarte vegsituasjonen gjennom Røv ei stor bekymring, og like eins blir det opplevd som urimeleg at når bedrifta ønsker å bruke mest mogleg sjøtransport av varer inn og ut, er hamnelager-kapasiteten i Surnadal no i stor grad fylt opp av bedrifter som ikkje nyttar sjøtransport.

Servering av vassgraut. Alle foto Helene Nergård

Tekst Eivind Hasle

Publisert: 18. oktober 2018, 21:27