Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mogne druer for første gong etter 30 år

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. oktober 2020

For omtrent tretti år sia så planta Johan Kvendset ein vinranke attmed husnova heime i Trøa. Johan har alltid vore interessert i hagebruk, og dette var nok eit forsøk som han nok tvila på at det vart noko resultat av.  Men no i haust så kom dei første mogne vindruene – etter rundt tretti års venting.

Her ved husnova planta Johan vinranken for rundt tretti år sia – artig at det vart mogne druer for første gong, seier Johan Kvendset. Foto: Jon Olav Ørsal

Druene er ikkje spesielt store, men jammen var dei søte og gode – og dei var verdt å vente i 30 år på. Foto: Jon Olav Ørsal

Vinranken har overlevd attmed husnova til gammelhuset i Kvennset-Trøa, og enkelte år har det da vore nokre grøne frukter på den. Men det har aldri kome så langt at det har vorte mogne druer, seier Johan som sjølvsagt tykte dette var stas. – Det er da vel kanskje eit signal om at klimaet har vorte mildare og slik sett kan ein vel seia at det er eit dårleg teikn, men artig er det da lell seier han og tek ein klase i handa slik at vi får teke eit bilete av dei mogne druene.

Johan er usikker på kva slags type denne vinranken er – kanskje er det nokon som kan sjå kva sort det er og kva eigenskapar denne sorten har.  Han tykkjer iallfall at det er godt gjort at den har overlevd så lenge og spesielt artig var det at det i år skulle bli mogne druer – søte og gode er dei også!

Johan og Erika har ein felles interesse for hagebruk. Det meste av tida om sommaren går med til å jobbe i hagen. No er nok det meste avbliomstra, men dei har planane klare for neste sesong. Foto: Jon Olav Ørsal

I Kvennset-Trøa driv dei faktisk litt av eit hagebruk – mesteparten av verksemda ser du fakisk ikkje frå vegen.  Dei dyrkar nok mesteparten av det dei treng av både frukt og grønsaker, og i tillegg mykje blomster – både eittårige og fleirårige vekstar. No er nok det meste avblomstra og hagefeltet ber preg av at vinteres er førebudd.  Mesteparten av planter og busker som ikkje tåler å stå ute er komne i hus. Snart kan vinteren berre kome og legge eit kvitt teppe over heile hageanlegget. 

Hagen er no klargjort for neste sesong – det meste som må under tak er kome i hus. Foto: Jon Olav Ørsal

krysantemumen er snart den einaste av blomstrane som «held ut» med haustkulda. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Først publisert: 10. oktober 2020, 19:00 - Sist oppdatert: 11. oktober 2020, 07:50