Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mini-dagsleir og ungdomsleir

Elinor Bolme Fredag 15. juni 2018

26. – 28. juni (veke 26) inviterer vi til mini-dagsleirar. Dette er eit tilbod til deg som er født i 2008-2011 og som ønsker å ha det kjekt saman med andre på din alder i kristen regi. I
kjent leir-stil vil det vere fokus på friluftsliv, bibeltimar, leik og moro. Ein av dagane vil ha
base i Halsa, ein av dagane i Rindal og ein av dagane i Surnadal. Vi kjem til å ha ei
kjernetid frå 09.00-15.00, men basen er open frå 07.30-16.30 kvar dag.

Alle deltakarane får frukost, lunsj og eit fruktmåltid. Kvar dag vil ha ulike opplegg med nye bibeltimar, aktivitetar og turmål. Vi tilbyr skyss frå/til kyrkjelydshuset i Surnadal, Rindal kyrkje og Halsa skule slik at alle kan vere med alle dagane.

Tysdag 26. juni: Base på Halsa skule. Vi hentar deltakarar ved Rindal kyrkje klokka 07.30 og vil vere tilbake der klokka 16.30. For dei som treng skyss frå Surnadal er det oppmøte 07.30 ved kyrkjelydshuset, der vi også vil vere tilbake klokka 16.30.

Onsdag 27. juni: Base på menighetshuset i Rindal. Vi hentar deltakarar ved Halsa skule
07.30, og skyssar dei tilbake til 16.30. På same måte køyrer vi deltagarar som treng skyss
frå kyrkjelydshuset i Surnadal klokka 07.30, og er tilbake klokka 16.30.

Torsdag 28. juni: Base på kyrkjelydshuset i Surnadal. Vi hentar deltakarar ved Halsa
skule klokka 07.30, og er tilbake der 16.30. På same måte skyssar vi deltagarar frå Rindal
kyrkje 07.30 og er tilbake 16.30.

Påmelding: surnadal.kirken.no (frist 18.juni)
Pris: 100 kroner per dag

Spørsmål?
Ring kyrkjekontoret 71 65 70 60 eller
Elsa Jensvold 99 51 81 62

Ellers blir det også arrangert leir for ungdommar. Les meir om dei her: 

Invitasjon ungdomsleir

Invitasjon overnattingsleir og tweens

 

Først publisert: 15. juni 2018, 06:19 - Sist oppdatert: 14. juni 2018, 22:45