Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mild start på nyåret

Jon Olav Ørsal Torsdag 2. januar 2020

Det vart ein mildt start på det nye året – og kanskje på rekordvis – Brusetmarka kan iallfall skilte med rundt 15 varmegrader i morgontimane på torsdag 2. januar. Det er for så vidt ikkje noko å skryte av, da Åndalsnes melder om rekord på mellom 18 og 19 grader.  Unormalt er det uansett, når ein tenkjer på at vi faktisk ofte har slike temperaturar i sommarmånadene.

Det er nok meldt temperaturar på mellom 10 og 15 utover torsdagen, men også fredag og laurdag er det meldt varmegrader men da med 2-4 grader og nordvest vindretning og litt nedbør som regn eller kanskje sludd innimellom. Her kan du følge langtidsvarsel og vêrmelding for Todalen på yr.no

Publisert: 2. januar 2020, 10:00