Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ledige billettar til «Med segl og Wichmann» enno!

Ledige billettar til «Med segl og Wichmann» enno!

Jon Olav Ørsal Måndag 25. oktober 2010

Det er song- og teaterkrefter frå Todalen og Åsskard som som har blankpussa songane og sjømannshistoriene når kabareten  «Med segl og Wichmann» blir sett opp i Surnadal kulturhus laurdag 30. oktober 2010. Det er ein hyllest til slitet, motet og truskapen til fjordafolket, og stoffet er henta frå kvardagslivet i Bøfjorden og dei andre fjordbygdene på Nordmøre. Stoffet er utforma i vers og tonar av Bernt Bøe, som er anvarleg for både tekst og musikk.

Her deltek både Todalskoret, Åsskard kyrkjekor, Mannskoret, samt barn og andre solistar. Det er sett opp ei forestilling, og det er laurdag 30. oktober kl 19.00. Billettar får du på bestilling eller ved inngangen (kr 150/50).

Her finn du plakaten for «Med segl og Wichmann«.  Og her finn du ein «Smaksprøve«

Først publisert: 25. oktober 2010, 23:00 - Sist oppdatert: 27. oktober 2010, 13:46