Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Med Nauståfossen som turmål

Jon Olav Ørsal Torsdag 20. juni 2019

Torsdag denne veka var det Nauståfossen på Kårvatn som var turmål for stavganggruppas utflukt. Til saman vart det 25 deltakarar på turen som gikk frå parkeringsplassen ved Kårvatn og innover etter vegen til Myrvang og vidare inn på den merka stien til Nauståfossen – ein fin og lett tur på eit par kilometer som kan forserast i joggesko eller fjellsko.

Ved Nauståfossen kan ein sjå restane etter kraftverket som forsynte dei 3 husstandane med elektrisk kraft fram til slutten av 50-talen, og sjølvsagt den prektige fossen med sine høge fossefall. Herom går den merka turistlina til Trollheimshytta, men dit er det 8-9 timars marsj gjennom Naustådalen og forbi Salsvatna til Folldalen.

Det var plass til heile hopen på terrassen ved Kokkhuset. Godt med litt påfyll etter at trimturen var gjort unna. Foto: Jon Olav Ørsal

Dagens stavgangtur gikk altså innover til Naufossen og derfrå kunne dei som ønska ta turen gjennom skogen via hyttefeltet på tur attende til Kårvatn. På Kårvatn var det også mulighet til å stikke innom Kårvatn Fjellutstyr – butikken på låven – som kan by på mykje slags sportsutstyr i sine hyller.

Etter turen var det somling på terrassen på Kokkhuset, der det var plass til heile hopen for å få litt påfyll etter turen inn til fossen.

Bildeglimt frå stavgangturen til Nauståfossen – alle bilder: Jon Olav Ørsal

Publisert: 20. juni 2019, 13:01