Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Med KNT og Norsk Vandrefestival på Snota

Elinor Bolme Tysdag 11. august 2015

Søndag var det i regi KNT (Kristiansund og Nordmøre Turistforening) og Norsk Vandrefestival oppsett fellestur til Snota med oppstart frå Vindøldalen. Det var oppsett lokale turledarar som skulle ta dei interesserte trygt tur retur Snota som ligg godt plassert 1668 meter over havet i Trollheimens eldorado.

Turen var opprinneleg planlagt laurdag, men vart grunna ustabile vermeldingar utsett til søndagen. Søndagsmorgon bydde ikkje akkurat på strålande sol frå skyfri himmel. Med tung skodde og regn såg utsiktene før avreise ikkje heilt storarta ut. Ved oppmøte på Skei vart vi av turledarane Berit Caspersen og Inge Skogheim beroliga med at dette kun var forbigåande, og at vi såvist skulle få sjå sol ja!

Gjengen på tilsaman 44 personar mellom 13 og ca 75 år og 3 firbeinte samkjøyrde inn til Breiskardsbekken innerst i Vindøldalen. Turen gikk deretter i roleg tempo etter stien opp til Vassdalsvatnet. Frå vatnet gikk vi opp den bratte fjellryggen som fører opp til Litjsnota, med Vindøldalen i ryggen heile vegen, og resten av Trollheimen i rundt. Mange av deltakarane hadde vore på Sntota før, men dei fleste hadde gått via Folldalen. Ein tur som var ein god del lettare i følgje dei fleste. For det var unekteleg både langt og bratt, med til tider mykje steinete terreng.

Deltakarane var både erfarne fjellfolk og litt ordinære turgåarar. Her var oppmøtte frå heile Nordmøre; Øvre Surnadal, Rindal, Halsa, Todalen, Sunndal, Aure, Averøy, Surnadal og Kristiansund. Og til og med eit par frå Østerrike som hadde overnatta i lag med tre norske på Vindølbu i Vindøldalen.

Totalt bruka vi ca 10 timar frå bilene til bilane. Ein lang, men fin tur med god guiding av Inge og Berit, samt Jon og Svein Dønnem som hadde «prøvegått» ein par dagar tidlegare for best muleg rute opp og ned. Dei var lommekjent i området og hadde kontroll på alle toppar i rundt oss.

Under er eit stort bildegalleri frå ein «skasver» tur som naturlegvis må anbefalast! Foto ElinorB

Publisert: 11. august 2015, 07:00