Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Med fjellgruppa til Skjennå

Tekst og foto: Anne Vognild Einum Tysdag 23. juni 2020
Tysdag 23. juni var fjellgruppa i Surnadal pensjonistlag på tur til Skjennå. 16 spreke pensjonistar møtte opp på museumstunet på Åsen kl. 10.00. Derifrå gjekk turen etter fin og lett skogsveg, som etter kvart gjekk over i merka tursti opp til toppen på Skjennå, 580 m.o.h. Her hadde vi flott fin utsikt i 360 grader. Dei fleste kunne faktisk og sjå heim.
 
Dette var ein behageleg tur i 25 grader med skiftande sol og tynt skydekke. På toppen vart det ein lengre matpause i svært så triveleg lag.
Dette vart siste turen før sommarferien.  Vi startar opp att med godt mot i august.
GOD SOMMAR!
Anne Vognild Einum har sendt oss mange fine bilder frå turen – vi har lagt dei i eit galleri nedafor:
 
Først publisert: 23. juni 2020, 21:49 - Sist oppdatert: 24. juni 2020, 06:07