Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Med 60 på Søyådalstur…

Jon Olav Ørsal Søndag 7. august 2016

Søndag samla Stangvik historielag 60 deltakarar på setervandring til Søyådalen.  Turen starta på Holtasetersiå og gikk innover dalen med første stopp på Gammelsetra for orientering.  Vidare innover til Midtsetra og enda til slutt på Holtasetra og Klokkargardssetra, fortel Erling Myrbostad.

ErlingMyrbostad_115600_resized

Erling Myrbostad på Holtaseterstølen – med nyoperert kne. Erling og Torbjørn hadde mykje å fortelje frå seterlivet i Søyådalen. Foto: LGN

På Holtasetra var det matpause og orientering om dei 6 setrene som lag der i gamle dagar. Det var Erling Myrbostad og Torbjørn Polden som sårga for å informere deltakarane om seterdrifta og livet på setrene i gamle dagar.

torbjørnPolden_LGN_113909

Torbjørn Polden var forfattar av Søyådalsboka som kom i fjor, saman med Erling Myrbostad og Lars Steinar Ansnes. Foto: LGN

På returen gikk turen på andre sida, der Mo-setra var den første setra på ruta og vidare utover til Vasengsetra og Mellingsetra. Her reiste seterhusa med snøfonn vinteren 1979 og i tillegg vart Mellingseterskjelet og 2 hytter tekne av fonna. Setervandringa slutta på Mellingsetra, der det var ope hus og servering av kaffe og kaker til turgjengen.

Setervandringane er populære arrangement som samlar bra med deltakarar – det er tydeleg at folk er interessert i den gamle seterhistoria og livet på setrene og i slåttamarka i gamle dagar.

BarnBekk_121302

Born og vatn tiltrekkjer kvarande – ein av dei yngste deltakarane i følgjet var ikkje noko unntak! Foto: LGN

Publisert: 7. august 2016, 19:22