Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Matter, minne og markblomster

Dordi Jorunn Halle Sundag 15. juli 2018

«Ein haustdag i 2010 kom eg over ein stor, fin vevstol i ein bruktbutikk. Da hadde eg vore pensjonist i fleire år og hadde drøymt om å veve matter ein gong. Slik kom det i gang!» Dette fortel Kristin Skrøvset Mogstad.

Og laurdag 14. juli viste ho fram dei mange fine mattene sine på låven i Austistua på Mogstad i Surnadal. Arrangementet var ein del av programmet til Norsk vandrefestival Nordmøre 2018. Temaet for årets festival er «Naturnær». Dottera Dordi Kjersti Mogstad kåserte om markblomster og slåtteenger, og det vart servert nydelege kaker, kaffe og sider blanda med geitramssaft.

Dordi Kjersti Mogstad kåserte om markblomster og slåtteenger. Foto: Dordi J H

Synnøve Fiske Talgø får servert sider med geitramssaft. Det smaka godt!Foto: Dordi J H

Markblomstrane er vakre og fargerike, dei treng mykje lys for å vekse, dei er matfatet til humler og andre insekt; og slik er dei kjempeviktige for matproduksjonen i verda. Markblomster veks i vegkantar, i bakkar og slåtteenger. Det er altså viktig å ta vare på slåtteengene og den store artsrikdomen dei representerer. Slåttemarkene er ein truga naturtype og får no vern gjennom naturmangfaldlova. I Austistua på Mogstad arbeider dei no for å få tilbake tradisjonelle slåttemarker. Slåttemarker skal ikkje gjødslast med kunstgjødsel, slåast i juli/august og graset skal ligge eit par dagar før ein rakar det vekk. Dette og mykje meir fortalde Dordi Kjersti om. Ho avslutta kåseriet sitt med å lese diktet «Villblommer» av Hans Børli.

Somme av mattene hadde titlar. Foto: Dordi J H

Markblomstrane med sine store fargevariasjon inspirerer Kristin når ho vev matter. Og ho er oppteken av gjenbruk; avlagde og slitne klede kan bli til noko i staden for å bli kasta. Ikkje alle gamle klede er fine nok til å bli leverte til Fretex. «Det er ikkje unikt å veve matter», seier ho. Det er mange dyktige veverske som tek vare på eit viktig tradisjonelt handverk. Men det arbeidssamt, stoff og ty må klippast og rivast opp, vevstolen rennast, og mønsteret må planleggast ut frå fargene i matteveften. Og ikkje minst så skal mattene vere jamne, faste og fine. «Men det er ein leik med stoff og fargar, og minnene dukkar opp etter kvart som eg vev.»  I mattene finn både mor og døtrer att klesplagg om vekkjer minne, som frakkeforkleet hennar bessmor, den fine kjolen som var arva etter eit søskenbarn eller den raude kordfløyelsdressen mora sydde da jentene var tenåringar.

Søster til Kristin, Randi Skrøvset Hatle, las sjølvskrive dikt om blomstereng. Foto: Dordi J H

Mange tok turen innom den triveleg låven i Austistua denne laurdagsettermiddagen. Neste søndag har Vandrefestivalen guida tur til Hjelmkonna/Gruveplatået i Halsa, og den store festivalhelga er på Tingvoll i år, helga 17. – 19. august. Norsk Vandrefestival

Triveleg på låven! Foto: Dordi J H

Austistua Mogstad. Foto: Dordi J H

Det var pynta med vakre villblomster både på låvekloppa og inne på låven. Foto: Dordi J H

 

Først publisert: 15. juli 2018, 00:21 - Sist oppdatert: 25. juli 2018, 08:34