Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Matkroken Todalen – opningstider i påska

Jon Olav Ørsal Måndag 15. april 2019

Påskeveka er travel på Matkroken, når folketalet i bygda doblar seg nærast over natta, og dreg med seg mykje ekstra handel. Handelsmann Nordvik skryter av påskegjestane som kundar og legg vinn på å yte så god service som mogleg.  Fram til og med onsdag er det vanleg opningstid medan det er heilt stengt 2 dagar – langfredag og 1. påskedag.

Vi har sett opp ein oversikt over opningstidene i påsken, og den fortel oss egentlig at det er kioskope skjærtorsdag og 2. påskedag – elles er det ordinære opningstider. Drivstoff kan du sjølvsagt fylle heile døgnet med kort – og elles i opningstida med kontant betaling.

Påskehandelen tek du sjølvsagt i Todalen!

Publisert: 15. april 2019, 07:51