Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mann av huse for romjulsmarsjen i år óg

Elinor Bolme Sundag 27. desember 2015

Også i år fekk trimgruppa i Todalen IL fullklaff med sin årlege romjulsmarsj. Med ein gradestokk som viste i underkant av 10 minus og topp sparkføre var det nesten 180 personar som tok den tradisjonelle turen rundt bygda. I Sandstadkrysset og på Bruset var det som vanleg drikkestasjonar der deltakarane fekk kakao eller gløgg i koppane. Her var det også quiz, med allsidige spørsmål som det var bortimot umuleg å svare på.

Vinnere av quizen vart Sondre og Håvard Halset.

Vinner av gjettekonkurransen om antall m i krukka var Steinar Frøystad.

Vinnere av lotteriet:
Knut og Erlend. Premie: sekk
Trygve A og bestemor. Premie: Nisse
Karen og Svein.   Premie:Nisse
Marit S Søyset. Premie: Bag

Under er eit fotogalleri frå eit av redaksjonens kameraer som var i bevegelse. Alle foto ElinorB.

…og eit galleri til – med bildeglimt frå Romjulsmarsjen 2015. Litt mangelfull namnsetting på grunn tidspress!  Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 27. desember 2015, 18:15