Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Måndag – ny Kløvertur, blir du med?

Dordi Jorunn Halle Laurdag 18. februar 2017

Måndag 20. februar blir det ny Kløvertur. Start frå Matkroken kl. 11.00. Turruta denne gongen er slik: Frå Matkroken går turen ned forbi fabrikken til Bordholmen, langs Toåa til Gunnøya og eventuelt innover til Båthølen og retur til butikken.

Yr melder regn på måndag, men det seiest at det er ikkje noko som heiter dårleg ver, det er berre å kle seg deretter.

Alle er velkomne til å bli med ut og gå!

Publisert: 18. februar 2017, 22:53