Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Målrik kamp på Bordholmen

Dordi Jorunn Halle Onsdag 2. september 2015

Onsdag kveld var det fotballkamp i klassen gutar ti år på Bordholmen, Søya/Todalen møtte Surnadal 4.

IMG_6290

Surnadal 4 i klassen G 10 er klare til kamp. Frå venstre: Micolaj, Adrian, Lasse og Råg. Fremst Peter, og bak trenar Raymond Svensli. Foto: D.J.H.

 

IMG_6286

Søya/Todalen – gutane gler seg til kamp. Frå venstre: Martin, Ingebrigt, Johan, Anders, Trym og  Knut Tore. Fremst: Van Adrian. Foto: D.J.H.

Det vart ein artig og spennade kamp med riktig god innsats og mange store målsjansar! Mange mål vart det og, kampen enda uavgjort 8 – 8, eit perfekt resultat! Både spelarane og trenarane var godt godt fornøgde etter kampen. Vi ønskjer dei unge fotballspelarane lykke til med resten av sesongen!

IMG_6303

Takk for kampen! Foto: D.J.H.

 

IMG_6291

Jens Olav Moe var kveldens gode dommar. Foto:D.J:H.

Publikum kosa seg både med ein underhaldande kamp, og med gode bakels med god graut.

IMG_6302

Kiosken var open, både grauten og bakelsa smaka godt.
Knut Bergli sel kaffe til Einar Talgø. Foto: D.J.H.

 

Publisert: 2. september 2015, 21:42