Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Målet er open veg til jul

Jon Olav Ørsal Måndag 18. desember 2017

Vi står på det vi kan, og målet er å få til open veg forbi Kufalla til jul.  Men vi veit ikkje om vi klarer det, for det er store mengder med fjell og anna masse som må vekk.  Mykje meir enn vi rekna med da vi starta arbeidet, fortel mannskapet frå Vatn Maskinstasjon.  

Klargjering til siste etappe med spregning – Tomas grimstad og Geir Ove Kindsbekken frå Vatn Maskinstasjon

Da dei starta arbeidet med å skyte ut ny vegtrase forbi Kufalla vart det for stor belastning for gammelvegen som dermed svikta. Dette saman med at det var store mengder lausmasse har gjord at prosjektet var mykje meir omfattande enn dei trudde.  Mellom anna er det transportert vekk rundt 120 dumperlass med lausmasse, og no pågår transport av stein og fjellmasse.  Denne massen transporteres til Nordvik, der det skal monteres knuseverk i samband med utbygginga av det nye boligfeltet. 

Arbeidet i Falla går no for fullt, og sprengningsarbeidet går no mot slutten.  Så får tida vise om entreprenøren når målet, som er open veg forbi anleggsområdet før dei tek juleferie torsdag kveld. Medan arbeidet pågår i Kufalla er trafikken til Kårvatn omdirigert via omkøyringsvegen over Tjønnmyra. 

Vi står på det vi kan for å få til open veg forbi anleggsområdet, seier Geir Ove Kindsbekken og Odd Arne Vatn. Foto: Jon Olav Ørsal

Vatn Maskinstasjon er komne i sluttfasen med sprengningsarbeidet – her merkes det på for boring. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er mykje masse som skal tranporterast ut før det blir veg. Foto: Jon Olav Ørsal

Medan anleggsarbeidet pågår er trafikken til og frå Kårvatn dirigert via omkjøyringsveg over Tjønnmyra. Den er litt bratt, men det er godt strødd og ingen problem for småbiltrafikk. Foto. Jon Olav Ørsal

Publisert: 18. desember 2017, 13:08