Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Luther sang og glede

Oddveig Helset Halle Torsdag 12. oktober 2017

«LUTHER SANG OG GLEDE» har vi kalla salmekvelden i Ranes kyrkje ons.18.okt.kl.19.30. Denne kvelden vil vi få høyre kåseriet «Glimt av Luther» av Bernt G.Bøe . Kyrkja markerer dette året 500 års jubileum sidan reformasjonen og her i Surnadal har vi hatt eit korprosjekt med Damekoret Credo og Tordenskjold Songlag, der vi har øvd inn 3 av Luther sine salmar.

Elin Persson er dirigent for felleskoret. Vi får høyre Linda Humberset på trompet og Ingrid Tørset Næss på kornet med kantor Oddveig Helset Halle på orgel , i eit flott arrangement over salmen «Vår Gud han er så fast en borg». Vi inviterer til ein fin kveld med mykje korsong og allsong der vi inviterer heile kyrkjelyden til å syngja saman salmane som har vore sunge i kyrkjene våre i 500 år.

Sjå heile plakaten her: Salmekveld Luther 18.10.17

Publisert: 12. oktober 2017, 14:24