Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Luftig tur frå Storfjellet til Kårvatn

Elinor Bolme Måndag 25. mai 2015

Ikkje alle er like oppfinnsomme for å ta seg fram til låvebutikken for å få seg ein kaffekopp hos Gudmund Kårvatn. Rune Gjeldnes er ein av dei som ankom litt utanom vanleg allfarveg sist veke. Han tok  seg opp på Storfjellet til fots og på ski det siste stykket, for så å sette utfor kanten med ein speedsraider.

Her treng vi kanskje nokre begrepsforklaringar:

Speedflying er ein flymåte som innebærer å fly ein speedflyer/speedrider vinge nær terreng med eller uten ski på beina. Dette innbærer stor hastighet og ofte korte avstandar til terrenget.

Speedriding er flying med speedflyer/speedrider vinge, men som innebærer meir kontakt med underlaget og meir skikjøring enn speedflying. Mindre vingar blir ofte benytta for å klare å følgje terrenget betre.

Under ser du ein filmsnutt frå Rune Gjeldnes sin luftige tur ned frå Storfjellet.

Foto: www.gjeldnes.com

Publisert: 25. mai 2015, 15:00