Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Lokaloppgjør med det meste i!

Lokaloppgjør med det meste i!

Elinor Bolme Laurdag 1. juni 2013

Det gjekk til tider heitt for seg i lokaloppgjeret på Bordholmen i dag, da Søya/Todalen møtte Bøfjorden. Tabell-leiar Søya/Todalen gjekk berre slik passe hardt ut i starten og forventa kanskje at dette skulle bli ein lett kamp. Det vart det ikkje. Bøfjorden tok leiinga etter ca 35 minutt ved midtbanekjempa Henrik Blekken. Bøfjorden stilte med eit «modent» lag, som hadde vore ute ein vinterdag før. I bakrekka låg Per Iver Skrøvset og Gøran Settemsdal og stoppa dei fleste S/T forsøk, og på midtbanen dominerte Kjetil Rønning og nemte Blekken. Noko som gjorde at resultatet 0-1 held seg heil til pause.

Etter pausen kom Søya/Todalen litt betre i gang, og kunne redusere til 1-1 5 minutt ut i omgangen. Målscorar var Kennet Sætherbø. Etter knappe 5 minutt til, kunne Erling Øie legge på til 2-1. Ikkje alle var like einige i den godkjenninga, då det likna faretruande på ein muleg offside. Men bøfjordingane la seg ikkje attpå for det. I andrte halvdel av andreomgangen hadde dei fleire gode målsjansar som lett kunne ha gjeve dei ei utligning. I staden fekk Ole Martin Øyen for heimelaget inn ein susar rett før slutt, slik at resultatet tilslutt vart 3-1.

På Bordholmen var det som vanleg litt surt og kaldt, men temperaturen ute på banen var rimeleg høg jamt utover heile kampen. Både veteranane Tor Hansen og Kjetil Rønning måtte gå i garderoba litt tidlegare enn planlagt etter kvart sitt raude kort frå dommar Stig Morten Gjørsvik i slutten av kampen. Men oppmøtet av publikumarar var bra. Bortimot 70 stk tok turen for å følge «sitt» lag, eller berre kjøpe seg ein kaffe kopp  bakels og lunka smørgraut på…

Sjå også kva TK sin reporter skriv her: Dramatisk lokaloppgjør

Nedafor finn du eit assortert bildegalleri frå kampen mellom Søya/Todalen og Bøfjorden.  alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 1. juni 2013, 17:45