Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lokal optimisme i Surnadal – nytt næringslivsmagasin set nye rekordar

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 26. november 2020

Eit nytt næringslivsmagasin for Surnadal er på veg ut i postkassane i desse dagar. Og i denne nye vinterutgåva så er det ingen tvil, Surnadalsbedriftene har god tru på framtida.

Denne utgåva er nemleg den største nokonsinne, og viser fram bredda i næringslivet i Surnadal betre enn nokon gong.

Magasinet er finansiert av bedriftene sjølv gjennom annonseinntekter, samt bidrag frå Surnadal Næringsforening og Surnadal kommune. Det er Amfi Kreativ som er utgjevar, og Stig Husby rosar både redaksjon og alle støttespelarane som gjer dette moleg.

I ei spesiell og for mange utfordrande tid så var vi svært spent på oppslutninga denne gongen, fortel Stig. Men all tvil vart gjort til skamme, oppslutninga frå bedriftene er betre enn nokon gong tidligare.

Det er skikkeleg artig å vere ute på besøk hos lokalt næringsliv, det er ein offensiv og framoverlent gjeng vi møter i år. Dei fleste ser stor nytte av å marknadsføre sine bedrifter, tilsette og produkta sine. Eg tipper det er fleire som finn bedrifter dei ikkje visste eksisterte i Surnadalsregionen, fortel Stig.

Stig Husby med nytrykt Vintermagasinet i handa. Foto: Stig Husby

Todalen er sjølvsagt òg godt representert i denne utgåva, der Talgø held fram den formidable veksten dei har opplevd i lang tid.  Talgø førebur seg på å auke i behovet for kompetansearbeidsplasser framover. Fokus på vekst, rekruttering av nye tilsette og større utbyggingsprosjekt er offensiv satsningar frå ei av dei største bedriftene i Surnadal.

Interessen for å lese magasinet er nok òg stor utanfor regionen, så derfor har Amfi Kreativ gjort magasinet tilgjengeleg på nett, kan Stig fortelje.

Dei som ønsker kan lese magasinet ved å trykke på lenka:  «Surnadal» vinter 2020/21

Publisert: 26. november 2020, 08:00